Eid idrettslag

Postet av Eid IL den 1. Feb 2016

Eid idrettslag er eit av dei eldste idrettslaga i Noreg. Idrettslaget har røtene sine fra Eids Skyttarlag som vart skipa i oktober 1861. I skyttarlaget si årsmelding for 1863 står det: "Turnforening opprettet". Dette er starten på det som seinare er blitt Eid Idrettslag.

I 2013 feira laget 150 år, og fekk då kulturprisen av Eid kommune. Artikkelen nedanfor er henta frå Eid kommune sine heimesider.

FotoTormod Flatabø

Eid kommune sin Kulturpris for 2013 er tildelt Eid Idrettslag. Eid IL fyller 150 år i år og er med det eitt av landet sine eldste idrettslag. Eid IL er ein verdig prisvinnar med rekordhøg aktivitet i jubileumsåret.

Prisen vart delt ut av leiar i Samfunnsutviklingsutvalet, Ole Petter Henden, og ordførar Alfred Bjørlo i samband med kommunestyremøte 12. desember 2013.

Idrettslaget har endra både namn, aktivitetstilbod og medlemmer sidan oppstarten i 1863. Namnet var då «Eids turnforening» . Laget var eigentleg for overklassen i Eid sentrum, og hadde på 1800-talet faste turnoppvisingar 17. mai. I tillegg til turn var laget sterkt militært inspirert med øvingar som hurtigløp, hinderløp, drakamp med tau og symjing i fjorden.

Aktivitetsnivået har utvikla seg enormt i breidde og omfang sidan 1863. Ski og fotball stod ei stund utanfor hovudidrettslaget, men no er dei sjølvsagt komne med.

Eid Idrettslag er i 2013 kort sagt eit idrettslag for alle. Ein har ikkje lenger «særidrettslag» for grupper av innbyggjarane. I Eid IL er alle velkomne til ei stor breidde av aktivitetstilbod, og laget har aktive medlemmar frå heile kommunen. På den måten kan ein seie at Idrettslaget er med på å samle Eid kommune og bidreg til å skape ei identitetskjensle for innbyggjarane i Eid kommune.

I tildelinga av prisen vil Eid kommune også trekkje fram idrettslaget sitt arbeid for integrering av innvandrarborn. Her er Eid IL ein føregangsaktørar. Integreringa skjer som ein naturleg del ute i dei ulike aktivitetane, utan mas om ekstra pengar og ekstra fokus. Ein møter opp, blir med og treffer andre born med dei same interessene. Det fører til at fellesskapsbygginga blir sett i gang på ein naturleg og ukomplisert måte. Så enkelt kan det gjerast – handling i staden for ord i integreringsarbeidet!

Eid IL har også vore ein føregangsfigur i å sikre gode lokalitetar for utøvarane, som Idrettshallen, Eid stadion, Idrettsparken med undervarme med meir. I jubileumsåret har Eid Idrettslag i samarbeid med Eid kommune også fått i stand ny kunstgrasbane bak Valhall, og same dag som tildelinga av kulturprisen vedtok Eid kommunestyre oppstart av bygging ny fleirbrukshall ved Nordfjordeid skule – eit lenge etterlengta løft for idretten i Eid som vi veit vart mottatt med jubel av prisvinnaren!

Eid Idrettslag er ein verdig vinnar av kulturprisen, og kommunen rettar ei stor takk til alle som deltek i dette frivillige dugnadsarbeidet i idretten i Eid.

Publisert av Alfred Bjørlo. Sist endra 20.12.2013



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline